fredag 3. november 2017

Mektige "Messias" i Nordhordlandskatedralen

Jeanette Ekornåsvåg Goldstein, alt
     At Alversund kammerkor framfører Händels ”Messias” før jul er ein fin tradisjon i Nordhordland. Dette storverket er eit stort løft for koret, og i år vert det ein heilt spesiell konsert i Knarvik kyrkje 26. november kl. 18.

    Koret er, som vanleg, styrka med nokre ekstra songarar, men i staden for musikarar frå Bergen filharmoniske orkester, satsar ein i år på yngre krefter på strykarsida. Unge lokale blåsarar har koret alltid hatt med seg.

    Fiolinisten Maria Eikefet, opphaveleg frå Alversund, har i samarbeid med dirigenten, Odd Leif Mjøs, sett saman eit orkester med i alt 23 musikarar.

Melissa Baug
    Det er profesjonelle unge musikarar som deltek, både tilreisande og frå regionen, og Maria Eikefet er sjølv med som konsertmeister. Ho er aktiv som musikar, mellom anna med det flotte unge kammerorkesteret Allegria.

    For koret, som også satsar på å få med seg nokre yngre 

korsongarar på delar av oratoriet, vert dette ei spanande oppleving, som dei gler seg til å dele med publikum.


    Solistane har dirigenten sjølv plukka ut, og tre av dei har vore med før, lokale Melissa Baug, sopran, Thomas Waaler Røshol, bass og Harald Bjørkøy, tenor.  Ny av året er alt-solisten, Jeanette Ekornåsvåg Goldstein, ei lovande ung songar.   

Harald Bjørkøy
Thomas Waaler Røshol
Maria Eikefet
Billettar ved inngangen, kr. 300. Barn under 16 år gratis. 
Tinging av billettar: alversundkammerkor@gmail.com

Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.

torsdag 26. oktober 2017

Minnerik Englandsturné for kammerkoret


    Kammerkoret sin turné i England, til Cambridge, Ely og King´s Lynn vart en fin oppleving for songarar – og publikum – etter tilbakemeldingane koret fekk.

    Koret hadde base i Cambourne, utanfor Cambridge, og fyrste konserten var i ei av dei mange mindre kyrkjene i sjølve universitetsbyen, Little St. Mary`s Church.  Her vart det ein  fin start på turnéprogrammet. Allereie neste dag var koret på plass i det store sidekapellet til den vidgjetne katedralen i Ely, The Lady´s Chapel, og alle stolar i den historiske salen var opptekne då koret song saman med solisten, Louise Kemény frå London.

    Ikkje alle kor slepp til for å synge i katedralen, og kammerkoret hevda seg godt og fekk rikeleg applaus for gode framføringar av verk av mellom anna Grieg, Ola Gjeilo, Karl Jenkins og Knut Nystedt.
   
St. Nicholas Chapel i King´s Lynnn
    Siste stogg var i kystbyen King´s Lynn, i den spesielle kyrkja, St. Nicholas Chapel, som vert mykje brukt til konsertar og ulike arrangement. Den gode akustikken, stemninga og særs god kontakt med eit talrikt publikum gjorde og siste konserten til ei minnerik oppleving. Her var det stor merksemd kring det norske koret, mellom anna med eige innslag i radioen morgonen før konserten.

fredag 29. september 2017

Händels Messias - tradisjon og fornying


   Det er tradisjon at Alversund kammerkor har ei stor framføring før jul, og Händels store oratorium, ”Messias” eller Bach sitt Juleoratorium er faste innslag. I år er det "Messias" som skal framførast i Knarvik kyrkje, søndag 26. november, kl. 18.00.

    Kantor i kyrkja, Odd Leif Mjøs, er som vanleg dirigent, også i år for eit litt forsterka kammerkor. Nytt av året er at orkesteret er samansett av unge musikarar, fleire av dei med bakgrunn frå Nordhordland. Dei vert supplert med profesjonelle musikarar som har vore med på kammerkoret sine konsertar før.


   Tre av solistane har og vore med før, ny av året er den unge alten, Jeanette Ekornåsvåg Goldstein. I tillegg kjem lokale Melissa Baug, sopran, Harald Bjørkøy, tenor og Thomas Waaler Røshol, bass. 

Billettar ved inngangen, kr. 300. Barn under 16 år går gratis. Tinging av billettar: alversundkammerkor@gmail.com

onsdag 23. august 2017

Likar du Toccata & Fuge av Bach?

    Søndag 17. september kl. 19.00 kan du høyre dette og fleire andre store orgelverk, spelt på det store, flotte orgelet i Knarvik kyrkje. Organist Hallgeir Øgaard Westli vil demonstrera for oss korleis dette fulltonande instrumentet kan høyrast i stor orgelmusikk.

    Alversund kammerkor er ansvarleg for konserten, og presenterer Englandsrepertoaret sitt a capella.

Hallgeir Øgaard Westli
    Det blir ein variert konsert, med orgelbrus slik det kan låte, og med mye norsk og litt engelsk kormusikk. Her får du høyre Bach, Grieg, Nystedt og den norske komponisten Gjeilo i vakker samklang.

    Billettar kr. 150 ved inngangen. Førehandstinging kan gjerast til
alversundkammerkor@gmail.com

    Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.

 

Alversund kammerkor til England

Louise Kemény
     Koret dreg i oktober til England for å syngja i The Lady’s Chapel i den store katedralen i Ely, og i byene Cambridge og  King’s Lynn.
     Me har eit omfattande norsk-engelsk program, og skal i Ely få med oss ein av solistane frå Messias i Knarvik kyrkje i 2015, Louise Kemény.

onsdag 24. mai 2017

Sommar-allsong i sommarkvelden

     Alversund kammerkor med dirigent og kantor Odd Leif Mjøs inviterer til sommarsalmekveld i Knarvik kyrkje tysdag 30. mai. Her kan du ta del i songen sjølv, eller berre lytta til allsong i eit variert utval frå salmeboka.
     Denne spesielle kvelden har me og med oss musikalske gjester på ulike instrument. Det er fri entre, og det er korkafé etter allsongen. Salmekvelden tek til kl. 19.30.

mandag 22. mai 2017