mandag 28. desember 2015

Strålande jubileumskonsert

     Jubileumskonserten til Alversund kammerkor i Knarvik kyrkje 20. desember, med Händels "Messias", fekk ei strålande mottaking i lokalpressa. Både avisa Nordhordland og avisa Strilen spanderte heile to sider på konserten. Nordhordland valde å laga ein biletreportasje og fekk konstatert at denne konserten var ei gåve til kyrkja, medan Strilen slo fast at konserten "rørte folk til tårer".

      Om lag fem hundre tilhøyrarar var til stades i kyrkja, og prosjektkoret, musikarar og solistar gav publikum ei minneverdig framføring - og fekk lang og varm applaus attende. Publikum fekk vera med på "Halleluja"-delen av oratoriet, under entusiastisk leiing av dirigenten, Odd Leif Mjøs.

      Etter konsert og applaus kom varaordførar Nina Bognøy med ei helsing og jubileumsgåve fra Lindås kommune.  


I avisa Nordhordland hadde kormedlem og tidlegare organist i Meland, Arvid Sakseide, eit innlegg ("Ei gåve til Nordhordland") om konserten, med stor og fortent ros til dirigenten. 

Dei fire solistane fekk mykje applaus og ros for innsatsen sin. (Foto: Privat)




Dirigenten, Odd Leif Mjøs, fekk mange varme ord - og koret fekk ei fin jubileumsgåve frå Lindås kommune. (Foto: Avisa Nordhordland)

søndag 29. november 2015

Louise Kemény og Mari Askvik er solistar i Händels "Messias" 20. desember

Lytt til den vakre sopranstemma til Louise Kemény, som her syng ein arie frå Händels opera "Semele" (på Youtube):

Louise Kemény syng Händel

Mari Askvik (alt) syng og ein arie av Händel, fra operaen "Xerxes":

Mari Askvik syng Händel

Her får du ein forsmak på kva du kan oppleve på Alversund kammerkor sin store konsert sundag 20. desember i Knarvik kyrkje.  Då framfører eit utvida kor, orkester og fire fantastiske solistar Händels "Messias" - med Louise Kemény og Mari Askvik. Saman med dei er Johnny Langridge (tenor) og Thomas Røshol (bass)

Har du lyst til å høyre meir av dei og Händel?  Du kan tinga billettar her: helge.ogaard@hallgeir.com



fredag 20. november 2015

Billettsalet starta til "Messias" i Knarvik kyrkje

Alversund kammerkor er klar til eit av høgdepunkta i år, konserten med "Messias" av Händel, 20. desember.

Dei store konsertane like før jul har som regel fullt hus, og det er allereie no mogeleg å tinga billettar.

Det enklaste er via e-post til: helge.ogaard@hallgeir.com

Det nyaste biletet av Alversund kammerkor med dirigenten, Odd Leif Mjøs.

søndag 1. november 2015

Solistar i verdsklasse syng "Messias" i Knarvik


      Solistar i verdsklasse, eit profesjonelt orkester og eit kor på over 50 dyktige songarar skal syngja julen inn i Knarvik kyrkje sundag 20. desember. Alversund kammerkor har ved 25-årsjubileet sitt invitert til ei eineståande framføring av storverket Messias av Georg Friedrich Händel.
 
Louise Kémeny
Mari Askvik
To av solistane kjem eins ærend frå England for å syngja Messias i Knarvik.  Dirigent for konserten, Odd Leif Mjøs, peikar på at det rett og slett er sensasjonelt at dei to internasjonale kapasitetane sa ja til å syngja i Knarvik.  Han er stolt av å presentera  første gong her i landet sopransolisten Louise Kémeny og tenoren Johnny Langridge. Saman med desse kjem «våre eigne» songstjerner Mari Askvik, alt, og Thomas Røshol, bass.

Thomas Røshol
      - Kammerkoret har sunge verket fleire gonger før, men denne gongen vert det veldig spesielt, seier dirigent Odd Leif Mjøs. – Det er første gongen det vert framført i Knarvik kyrkje, og vi ser ein sterk entusiasme for prosjektet gjennom det utvida koret, Ensemble Messiah 2015. Dette blir ei storhending!
                                   
Johnny Langridge


 
                          
    

   Tinging av billettar:  helge.ogaard@hallgeir.com 


onsdag 28. oktober 2015

Vigsling av orgelet i Knarvik kyrkje


     Når det nye orgelet i Knarvik kyrkje vert vigsla 8. november er sjølvsagt Alversund kammerkor med.  Den høgtidelege vigslinga skjer i gudstenesta kl. 11, der mellom anna biskop Halvor Nordhaug deltek, og det vert stor konsert om kvelden kl. 19.

     Musikken, og ikkje minst det flotte orgelet, får naturleg nok ein brei plass i Knarvik kyrkje den dagen.

     I vigslingsgudstenesta kl. 11 presenterer Alversund kammerkor med dirigent Odd Leif Mjøs eit nyare verk for kor og orgel av komponisten Ola Gjeilo. På orgelkrakken medverkar kantor i Radøy, William Kay.

     Ved konserten om kvelden er det vigslingskonsert ved orgelkonsulent Karstein Askeland, som er konsertorganist og kantor i Mariakirken i Bergen, trompetisten Torstein Holmås og sopranen Kjersti Wiik begge frå Knarvik.

     - Vi gler oss no til å ta i bruk det praktfulle orgelet i kyrkja, vi vonar det vil bli til stor glede både for kyrkjelyden,  Alversund kammerkor og musikkmiljøet elles. Vi er full av takksemd for gåva frå Trond Mohn som gjorde at vi så fort fekk på plass eit stort og flott orgel, seier kantor Odd Leif Mjøs.
Orgelvigsle  8.november


Flott jubileumsfest for Alversund kammerkor


       Alversund kammerkor er 25 år i år, og har vore ein aktiv del av musikkmiljøet i Lindås  og Nordhordland gjennom ein heil mannsalder. 17. oktober vart utpeika til festdag for koret, og medlemer og dirigent feira då seg sjølv i kyrkjelydhuset i Alversund. Sentralt i programmet sto ein biletkavalkade som synte den store innsatsen og aktiviteten til koret  - og ikkje minst til dirigenten, Odd Leif Mjøs, som starta koret.

      Koristar er trufaste folk, fleire av medlemene i dag har vore med heilt frå starten, og både dei og andre støttespelarar vart heidra spesielt. Odd Leif Mjøs vart særleg heidra for sin entusiastiske innsats gjennom alle år. Eit korjubileum utan song er utenkjeleg, og kvelden var feira med både song og spel frå eigne musikalske rekkjer – og god mat.
Dirigenten sjølv, Odd Leif Mjøs, i Håvard Giezendanner sin strek.
      Jubileet vert feira i heile haust og ikkje minst med ein jubileumskonsert i Knarvik kyrkje 20. desember, der det vert ei framføring av Händels ”Messias”. Kammerkoret har invitert fleire songarar inn i eit prosjektkor i høve konserten, i tillegg til eit litt større orkester enn frå tidlegare framføringar. Med framifrå profesjonelle solistar satsar koret på at dette vert ei minneverdig jubileumsmarkering.


søndag 30. august 2015

God respons til prosjektkoret med "Messias"

     Det var god respons til fyrste samlinga med koristar til "Ensemble Messiah". Som tidlegare meldt her på nettsida har Alversund kammerkor invitert lokale korsongarar med til eit prosjektkor, som på fem samlingar skal øva til konserten med Händels "Messias" i Knarvik kyrkje 20. desember.
     - Dette vert både flott og spanande, vi har kontakt med om lag tjue songarar som ynskjer å vera med på framføringa, saman med dei tretti faste i basiskoret, fortel dirigent Odd Leif Mjøs. Han understrekar at det viktigaste med prosjektkoret er å skapa fellesskap og rik musikkoppleving for fleire songarar - og for publikum - ikkje storleiken på koret.
      Det er framleis mogeleg å få vera med, og andre samlinga er fredag 25. september.  Songarar med litt korrøynsle, som gjerne har sunge "Messias" tidlegare - eller som har drøymt om å få gjera det - kan ta kontakt med dirigenten.
      - Det vert ei heilt spesiell framføring, fleire framifrå profesjonelle solistar skal delta, med eit litt større orkester enn tidlegare. Det vil passe fint i det store flotte kyrkjeromet, seier ein entusiastisk Mjøs.

 Georg Friedrich Händel. (Bilde: Wikipedia)

Sus av salmar i Alversund kyrkje

     Kyrkjelyden i Alversund og andre songglade i distriktet har fått eit ekstra tilbod denne hausten: "Salmesus". Kantor Odd Leif Mjøs, som også dirigerer Alversund kammerkor, har teke initiativ til ei rad song-samlingar i kyrkja kvar tirsdagskveld fram tilogmed 25. september. Saman med medlemer frå kammerkoret og Mjøs ved pianoet og orgelet skal den nye salmeboka utprøvast, i felles songglede.
     At salmane står sterkt i den norske kyrkja og i blant folk synte ikkje minst den store salme-maratonen på fjernsyn. Alversund kyrkje hadde òg sin eigen salmemaraton.
     - I den timelange samlinga vel vi ut salmane i fellesskap, og syng av lyst og av glede. Den nye salmeboka er eit skattkammer for kyrkjelyden og folket, og den fortener ein sentral plass i kyrkje og kvardag. Alle som har lyst til å synge med er velkomne, klokka 18 kvar tirsdag frametter, seier Mjøs.
     Medlemene i Alversund kammerkor syter for enkle forfriskningar i kyrkja etter Salmesus, og for dei er sangen også ein opptakt til den faste øvingskvelden deira etterpå.
NB: Frå 13. oktober og fram til 15. desember er  Salmesus i Knarvik kyrkje.


Alversund kyrkje.  Foto: B. Ystebø

fredag 28. august 2015

Alversund kammerkor inviterar til "Messias"-prosjektkor

    Alversund kammerkor har framført Händels "Messias" ei rekkje gonger, seinast i Myking kyrkje i april 2014. I jubileumsåret - og for fyrste gong i Knarvik-kyrkja - skal koret i lag med profesjonelle musikarar og songarar framføre det storslegne verket 20. desember.
    Dirigent og kantor Odd Leif Mjøs ynskjer at verket denne gongen skal lyda ekstra storfelt, og inviterar fleire unge og vaksne songarar med litt kor-røynsle til å vera med kammerkoret i eit prosjektkor, "Ensemble Messiah 2015". Det er mange som har vore med i kor - eller er med i andre kor - og som kjenner verket, og dei er særskilt velkomne til å vera med på fem øvingssamlingar fram til desember.
    Med litt notekunne og ekstra innsats er det mogeleg å øve inn oratoriet for fyrste gong, anten du er 15 eller 50. Mjøs tek atterhald om at det må vera balanse mellom stemmegruppene når prosjektkoret vert sett saman.
    Fyrste samling er 28.8. kl. 18-21, og interesserte kan ta kontakt med Odd Leif Mjøs.
Mobil: 945 30 139  eller  odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no 

 Frå plakaten til framføringa i Myking kyrkje i 2014.

onsdag 5. august 2015

Jubileumstur til England

Alversund kammerkor er 25 år i år, og jubileumsfeiringen strekker seg over hele 2015. En opptakt til feiringen var korets reise til England i slutten av juni. Målet var byen Preston, der koret har et vennskapskor, og sammen med dem hadde man en konsert i byens hovedkirke. Etter konsert i Preston dro de to korene på busstur i Lake District, og i landsbykirken i den lille byen Ambleside hadde man også en fin felles konsert.

Vårt kor deltok med blant annet Griegs fire salmer som hovedverk, og disse vil også bli fremført i Knarvik kyrkje senere i år.

Alversund kammerkor syng i The Minster i Preston


The Minster i Preston.
Kirken i Ambleside i Lake District.





onsdag 1. juli 2015

Velkommen



 Velkommen til nettsidene til Alversund kammerkor!
Etter 25 aktive år i musikklivet i Nordhordland vil vi gjerne også være synlige og tilgjengelige på nett - vise hva vi driver med, fortelle om aktiviteter og dele nyheter. Hvis du har spørsmål om koret eller kommentarer, så ta gjerne kontakt på e-post. Adressen finner du under Kontakt øverst på forsiden vår.