- Dette vert både flott og spanande, vi har kontakt med om lag tjue songarar som ynskjer å vera med på framføringa, saman med dei tretti faste i basiskoret, fortel dirigent Odd Leif Mjøs. Han understrekar at det viktigaste med prosjektkoret er å skapa fellesskap og rik musikkoppleving for fleire songarar - og for publikum - ikkje storleiken på koret.
Det er framleis mogeleg å få vera med, og andre samlinga er fredag 25. september. Songarar med litt korrøynsle, som gjerne har sunge "Messias" tidlegare - eller som har drøymt om å få gjera det - kan ta kontakt med dirigenten.
- Det vert ei heilt spesiell framføring, fleire framifrå profesjonelle solistar skal delta, med eit litt større orkester enn tidlegare. Det vil passe fint i det store flotte kyrkjeromet, seier ein entusiastisk Mjøs.
Georg Friedrich Händel. (Bilde: Wikipedia)