At salmane står sterkt i den norske kyrkja og i blant folk synte ikkje minst den store salme-maratonen på fjernsyn. Alversund kyrkje hadde òg sin eigen salmemaraton.
- I den timelange samlinga vel vi ut salmane i fellesskap, og syng av lyst og av glede. Den nye salmeboka er eit skattkammer for kyrkjelyden og folket, og den fortener ein sentral plass i kyrkje og kvardag. Alle som har lyst til å synge med er velkomne, klokka 18 kvar tirsdag frametter, seier Mjøs.
Medlemene i Alversund kammerkor syter for enkle forfriskningar i kyrkja etter Salmesus, og for dei er sangen også ein opptakt til den faste øvingskvelden deira etterpå.
NB: Frå 13. oktober og fram til 15. desember er Salmesus i Knarvik kyrkje.

Alversund kyrkje. Foto: B. Ystebø