onsdag 28. oktober 2015

Vigsling av orgelet i Knarvik kyrkje


     Når det nye orgelet i Knarvik kyrkje vert vigsla 8. november er sjølvsagt Alversund kammerkor med.  Den høgtidelege vigslinga skjer i gudstenesta kl. 11, der mellom anna biskop Halvor Nordhaug deltek, og det vert stor konsert om kvelden kl. 19.

     Musikken, og ikkje minst det flotte orgelet, får naturleg nok ein brei plass i Knarvik kyrkje den dagen.

     I vigslingsgudstenesta kl. 11 presenterer Alversund kammerkor med dirigent Odd Leif Mjøs eit nyare verk for kor og orgel av komponisten Ola Gjeilo. På orgelkrakken medverkar kantor i Radøy, William Kay.

     Ved konserten om kvelden er det vigslingskonsert ved orgelkonsulent Karstein Askeland, som er konsertorganist og kantor i Mariakirken i Bergen, trompetisten Torstein Holmås og sopranen Kjersti Wiik begge frå Knarvik.

     - Vi gler oss no til å ta i bruk det praktfulle orgelet i kyrkja, vi vonar det vil bli til stor glede både for kyrkjelyden,  Alversund kammerkor og musikkmiljøet elles. Vi er full av takksemd for gåva frå Trond Mohn som gjorde at vi så fort fekk på plass eit stort og flott orgel, seier kantor Odd Leif Mjøs.
Orgelvigsle  8.november


Flott jubileumsfest for Alversund kammerkor


       Alversund kammerkor er 25 år i år, og har vore ein aktiv del av musikkmiljøet i Lindås  og Nordhordland gjennom ein heil mannsalder. 17. oktober vart utpeika til festdag for koret, og medlemer og dirigent feira då seg sjølv i kyrkjelydhuset i Alversund. Sentralt i programmet sto ein biletkavalkade som synte den store innsatsen og aktiviteten til koret  - og ikkje minst til dirigenten, Odd Leif Mjøs, som starta koret.

      Koristar er trufaste folk, fleire av medlemene i dag har vore med heilt frå starten, og både dei og andre støttespelarar vart heidra spesielt. Odd Leif Mjøs vart særleg heidra for sin entusiastiske innsats gjennom alle år. Eit korjubileum utan song er utenkjeleg, og kvelden var feira med både song og spel frå eigne musikalske rekkjer – og god mat.
Dirigenten sjølv, Odd Leif Mjøs, i Håvard Giezendanner sin strek.
      Jubileet vert feira i heile haust og ikkje minst med ein jubileumskonsert i Knarvik kyrkje 20. desember, der det vert ei framføring av Händels ”Messias”. Kammerkoret har invitert fleire songarar inn i eit prosjektkor i høve konserten, i tillegg til eit litt større orkester enn frå tidlegare framføringar. Med framifrå profesjonelle solistar satsar koret på at dette vert ei minneverdig jubileumsmarkering.