Alversund kammerkor er 25 år i år, og har vore ein aktiv del av musikkmiljøet i Lindås og Nordhordland gjennom ein heil mannsalder. 17. oktober vart utpeika til festdag for koret, og medlemer og dirigent feira då seg sjølv i kyrkjelydhuset i Alversund. Sentralt i programmet sto ein biletkavalkade som synte den store innsatsen og aktiviteten til koret - og ikkje minst til dirigenten, Odd Leif Mjøs, som starta koret.
Koristar er trufaste folk, fleire av medlemene i dag har vore med heilt
frå starten, og både dei og andre støttespelarar vart heidra spesielt. Odd Leif
Mjøs vart særleg heidra for sin entusiastiske innsats gjennom alle år. Eit
korjubileum utan song er utenkjeleg, og kvelden var feira med både song og spel
frå eigne musikalske rekkjer – og god mat.
![]() |
Dirigenten sjølv, Odd Leif Mjøs, i Håvard Giezendanner sin strek. |
Jubileet vert feira i heile
haust og ikkje minst med ein jubileumskonsert i Knarvik kyrkje 20. desember, der
det vert ei framføring av Händels ”Messias”. Kammerkoret har invitert fleire songarar
inn i eit prosjektkor i høve konserten, i tillegg til eit litt større orkester
enn frå tidlegare framføringar. Med framifrå profesjonelle solistar satsar
koret på at dette vert ei minneverdig jubileumsmarkering.