Når det nye orgelet i
Knarvik kyrkje vert vigsla 8. november er sjølvsagt Alversund kammerkor
med. Den høgtidelege vigslinga skjer i
gudstenesta kl. 11, der mellom anna biskop Halvor Nordhaug deltek, og det vert
stor konsert om kvelden kl. 19.
Musikken, og ikkje minst det flotte orgelet, får naturleg nok ein brei plass i Knarvik kyrkje den dagen.
I vigslingsgudstenesta kl.
11 presenterer Alversund kammerkor med dirigent Odd Leif Mjøs eit nyare verk
for kor og orgel av komponisten Ola Gjeilo. På orgelkrakken medverkar kantor i
Radøy, William Kay.
Ved konserten om kvelden er
det vigslingskonsert ved orgelkonsulent Karstein Askeland, som er
konsertorganist og kantor i Mariakirken i Bergen, trompetisten Torstein Holmås og
sopranen Kjersti Wiik begge frå Knarvik.
- Vi gler oss no til å ta
i bruk det praktfulle orgelet i kyrkja, vi vonar det vil bli til stor glede både
for kyrkjelyden, Alversund kammerkor og
musikkmiljøet elles. Vi er full av takksemd for gåva frå Trond Mohn som gjorde
at vi så fort fekk på plass eit stort og flott orgel, seier kantor Odd Leif
Mjøs.
![]() |