Solistar
i verdsklasse, eit profesjonelt orkester og eit kor på over 50 dyktige songarar
skal syngja julen inn i Knarvik kyrkje sundag 20. desember. Alversund kammerkor
har ved 25-årsjubileet sitt invitert til ei eineståande framføring av
storverket Messias av Georg Friedrich Händel.
 |
Louise Kémeny |
 |
Mari Askvik |
To av
solistane kjem eins ærend frå England for å syngja Messias i Knarvik. Dirigent for konserten, Odd Leif Mjøs, peikar
på at det rett og slett er sensasjonelt at dei to internasjonale kapasitetane
sa ja til å syngja i Knarvik. Han er
stolt av å presentera første gong her i landet sopransolisten Louise Kémeny
og tenoren Johnny Langridge. Saman med desse kjem «våre eigne» songstjerner
Mari Askvik, alt, og Thomas Røshol, bass.
 |
Thomas Røshol |
- Kammerkoret
har sunge verket fleire gonger før, men denne gongen vert det veldig spesielt,
seier dirigent Odd Leif Mjøs. – Det er første gongen det vert framført i Knarvik
kyrkje, og vi ser ein sterk entusiasme for prosjektet gjennom det utvida koret,
Ensemble Messiah 2015. Dette blir ei storhending!
 |
Johnny Langridge | | |