Om lag fem hundre tilhøyrarar var til stades i kyrkja, og prosjektkoret, musikarar og solistar gav publikum ei minneverdig framføring - og fekk lang og varm applaus attende. Publikum fekk vera med på "Halleluja"-delen av oratoriet, under entusiastisk leiing av dirigenten, Odd Leif Mjøs.
Etter konsert og applaus kom varaordførar Nina Bognøy med ei helsing og jubileumsgåve fra Lindås kommune.
I avisa Nordhordland hadde kormedlem og tidlegare organist i Meland, Arvid Sakseide, eit innlegg ("Ei gåve til Nordhordland") om konserten, med stor og fortent ros til dirigenten.
Dei fire solistane fekk mykje applaus og ros for innsatsen sin. (Foto: Privat) |
Dirigenten, Odd Leif Mjøs, fekk mange varme ord - og koret fekk ei fin jubileumsgåve frå Lindås kommune. (Foto: Avisa Nordhordland) |