mandag 14. november 2016

Juleoratoriet i Nordhordlandskatedralen



Fjerde adventssundagen, 18. desember, er det tid for
Alversund kammerkor sin store julekonsert i Knarvik kyrkje. 
     Det er blitt ein tradisjon i den nye kyrkja at koret framfører eit av dei store kyrkjemusikalske verka, og i år er det det velkjende og vakre Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach som som står på programmet, med solistar, kor og orkester.
    Som tidlegare år er orkesteret sett saman av musikarar frå Bergen filharmoniske orkester, men og nokre lokale krefter. Mellom desse finn vi  dei unge, lokale musikarane Amalie Duesund, fløyte, Gunhild Rebnord, obo og Torstein Holmås, trompet.
    På solistsida finn vi ein ung sopran frå Manger, Melissa Baug. Både ho og Holmås er studentar ved Grieg-akademiet. Saman med Baug kjem kjende songarar som har vore med koret fleire gonger:  Mari Askvik, alt, Thomas Waaler Røshol, bass, og  tenoren Tore Kloster.  

Billettar kan epost-tingast på førehand hos helge.ogaard@hallgeir.com      Barn under 16 år gratis.
Thomas Røshol
Melissa Baug
   
Mari Askvik
Tore Kloster




fredag 4. november 2016

Julekonsert med "divisi"

    Koret "divisi" inviterer til julekonsert i Knarvik kyrkje laurdag 26. november, og der vil og Alversund kammerkor delta, både med eigne innslag og i fellesnumre.

    Julekonserten "Å kom nå til lovsang" inneheld eit variert repertoar, med både nyare julemusikk og kjende og kjære songar frå norsk juletradisjon. I tillegg vert det framført julesongar av den populære engelske komponisten John Rutter, og publikum skal og få høve til å vere med på allsong. Ein del av Händels oratorium "Messias" står og på programmet.

    I tillegg til "divisi" og strykarar møter vi møter vi Tone Synneve Myklebust, piano, Odd Leif Mjøs, orgel og Vegard Feste, trompet. Musikalsk leiar for konserten er Jostein Myklebust.
Billettsalet er ved inngangen.

    Den planlagde konserten til Alversund kammerkor med gjester 20. november vert utsett til ut på nyåret.



torsdag 1. september 2016

Haustprogram med høgdepunkt

For Alversund kammerkor er haustmånadene fram til jul alltid travle, ikkje minst med tanke på konserten med Bachs Juleoratorium i Knarvik kyrkje søndag før jul, med fullt kor, orkester og solistar. Meir om denne framføringa vil kome etter kvart.
      Koret er invitert med på den spesielle salmekvelden med Edvard Hoem sine salmar 25. september, når forfattaren  kjem på besøk i Knarvik, i samarbeid med Alversund mållag. (Sjå meir om arrangementet i blogginnlegget frå juni).
Meland kyrkje jubileumslogo     Koret er og invitert med på festkonserten i høve Meland kyrkje si jubileumsfeiring 23. oktober, og 20. november blir det konsert i Knarvik kyrkje, med både orgel, kor og solistar i eit variert program.
     Den tradisjonelle julekonserten i Alversund kyrkje 4. desember innleier så adventstida for kyrkjelyden og koret, som er fast deltakar der.

Nye songarar alltid velkomne!

Johann Sebastian BachJuleoratoriet av Bach er det største prosjektet for Alversund kammerkor no i haust. Søndagen før jul stiller kor, solistar og orkester i Knarvik kyrkje, og arbeidet med konserten er allereie i gang. 
     - Koret har framført Juleoratoriet ofte før, men det er ekstra fint å vere i flotte Knarvik kyrkje, med god plass og akustikk, både for musikarar og publikum, seier Odd Leif Mjøs, dirigent for koret.

      Til julekonserten med Händels Messias i fjor inviterte koret korsongarar med til eit felles prosjekt med øvingar og konsert, og dirigenten ynskjer og i år kontakt med songarar som vil vere med, og aller helst bli faste medlemer i koret.

      - Det er sunt med fornying, og både unge og vaksne er velkomne, og det er eit godt tidspunkt å begynne no og få med seg Juleoratoriet. Litt notekunne og songstemme er bra, men like viktig er å ha eit ynskje om musikalsk vekst og utvikling, og arbeid i fellesskap med korklang og formidling, seier Mjøs.
      Koret har faste øvingar i Knarvik kvar tirsdagkveld, og Bach-seminar ein fredagskveld kvar månad. Interesserte kan ta direkte kontakt med dirigenten på telefon 945 30 139.

mandag 6. juni 2016

Salmekveld med Edvard Hoem


   Det  vert ein heilt spesiell salmekveld i Knarvik kyrkje 25. september. Då kjem forfattaren - og salmediktaren -  Edvard Hoem på vitjing, invitert av Alversund mållag, i samarbeid med Alversund kammerkor. 
     Hoem har skrive meir enn eit førtital salmar, og han er representert i Norsk salmebok (2013) med elleve eigendikta og éin omsett tekst. Det er eit utval av desse salmane som er temaet for kvelden.
     Hoem vil sjøl presentere salmane,  som vert framførte av både Alversund Kammerkor, solistar og musikarar. Det vert og mykje allsong i programmet som har fått tittel frå salmen ”No stig vår song”.
     - Alversund kammerkor har hatt vellukka temakvelder om salmediktarar før,  til dømes Petter Dass, Elias Blix, Eyvind Skeie og Svein Ellingsen. Det er ekstra stas at vi har ein nolevande diktar med oss, seier dirigenten for koret, kantor Odd Leif Mjøs.
     - Salmeboka er både ei musikalsk og litterær skattkiste, og her får vi eit nært møte med ein sentral norsk diktar som har gitt viktige bidrag til boka, seier Mjøs. 

mandag 18. april 2016

Grieg-møte i Knarvik kyrkje


    Søndag 1. mai vert det eit spanande møte i Knarvik kyrkje mellom jazzpianisten og komponisten Dag Arnesen og Alversund kammerkor, med Edvard Grieg som fellesnemnar. 
       
    Bergensaren Arnesen er velkjend i både lokalt og nasjonalt jazzmiljø, og dei siste åra har han gitt ut kritikarroste tolkingar av Grieg og norske folketonar. Den siste innspelinga hans er frå 2014, "Grieg, Tveitt & I", der han spelar saman med strykarar frå Bergen Filharmoniske Orkester. Han har og arrangert folkesongar for framføring med kor, og nokre av desse vert framført på konserten, i tillegg til fleire Grieg-tolkingar. Arnesen har eit nært forhold til Grieg, og har mellom anna motteke Grieg-prisen.
    
Alversund kammerkor skulle vere godt kjend i regionen, og 25-årsjubilanten frå i fjor har teke for seg Griegs «Fire salmer for blandet kor og baryton solo". Dette verket, opus 74, var det siste komponisten skreiv, for 110 år sidan i år. Grieg brukte gamle salmar, mellom anna av Brorson, og tonesette dei med norske folketonar i dristige og vakre arrangement. 

Salmane er eit av dei verka kammerkoret likar særs godt å framføre, og det var på repertoaret då dei vitja England på jubileumsturen sin i fjor. Solisten, Olav Hugaas, har vore solist med koret med koret ved fleire høve.
        
       Konserten 1. mai blir altså eit møte med Grieg, som tolka dei norske folketonane i sitt unike tonespråk, og komponisten og utøvaren Dag Arnesen som tolkar Grieg sjølv med element frå vår tid. 

Billettar ved inngangen, eller tinging hos: helge.ogaard@hallgeir.com. Billettpris: kr. 100, barn under 16 år gratis.

onsdag 27. januar 2016

Bach, Gjeilo, Grieg og Pärt



Ola Gjeilo (øverst) og Arvo Pärt 
(Foto: Wikimedia Commons)
     Alversund kammerkor sin semesterplan for våren 2016 omfattar korverk av samtidskomponistane  Ola Gjeilo og Arvo Pärt. Bach og Grieg får vi òg høyre, den sistnemnde i eit spanande musikalsk konsertsamarbeid med jazzpianisten Dag Arnesen.

   - Dag Arnesen har arbeidd med folketonejazz og Grieg i konsertprogram og innspelingar - og koret vårt syng gjerne Griegs flotte salmar. Vi ser fram til ein konsert i Knarvik kyrkje saman med jazzmusikarane 1. mai-helga. Arvo Pärt og Ola Gjeilo sine korverk har fargerike klangar og stemningar - det er utfordrande og spennande musikk. Og den store Bach står som ofte før på korprogrammet, seier dirigenten, Odd Leif Mjøs.

Dag Arnesen (Foto: René Synnevåg)
    I tillegg til konsertframføringar gjer koret regelmessig teneste i kyrkja, med korsong og som forsongarar til gudstenester i heile vårsemesteret fram til gudstenesta i Bøkeskogen i juni.