onsdag 27. januar 2016

Bach, Gjeilo, Grieg og Pärt



Ola Gjeilo (øverst) og Arvo Pärt 
(Foto: Wikimedia Commons)
     Alversund kammerkor sin semesterplan for våren 2016 omfattar korverk av samtidskomponistane  Ola Gjeilo og Arvo Pärt. Bach og Grieg får vi òg høyre, den sistnemnde i eit spanande musikalsk konsertsamarbeid med jazzpianisten Dag Arnesen.

   - Dag Arnesen har arbeidd med folketonejazz og Grieg i konsertprogram og innspelingar - og koret vårt syng gjerne Griegs flotte salmar. Vi ser fram til ein konsert i Knarvik kyrkje saman med jazzmusikarane 1. mai-helga. Arvo Pärt og Ola Gjeilo sine korverk har fargerike klangar og stemningar - det er utfordrande og spennande musikk. Og den store Bach står som ofte før på korprogrammet, seier dirigenten, Odd Leif Mjøs.

Dag Arnesen (Foto: René Synnevåg)
    I tillegg til konsertframføringar gjer koret regelmessig teneste i kyrkja, med korsong og som forsongarar til gudstenester i heile vårsemesteret fram til gudstenesta i Bøkeskogen i juni.