mandag 18. april 2016

Grieg-møte i Knarvik kyrkje


    Søndag 1. mai vert det eit spanande møte i Knarvik kyrkje mellom jazzpianisten og komponisten Dag Arnesen og Alversund kammerkor, med Edvard Grieg som fellesnemnar. 
       
    Bergensaren Arnesen er velkjend i både lokalt og nasjonalt jazzmiljø, og dei siste åra har han gitt ut kritikarroste tolkingar av Grieg og norske folketonar. Den siste innspelinga hans er frå 2014, "Grieg, Tveitt & I", der han spelar saman med strykarar frå Bergen Filharmoniske Orkester. Han har og arrangert folkesongar for framføring med kor, og nokre av desse vert framført på konserten, i tillegg til fleire Grieg-tolkingar. Arnesen har eit nært forhold til Grieg, og har mellom anna motteke Grieg-prisen.
    
Alversund kammerkor skulle vere godt kjend i regionen, og 25-årsjubilanten frå i fjor har teke for seg Griegs «Fire salmer for blandet kor og baryton solo". Dette verket, opus 74, var det siste komponisten skreiv, for 110 år sidan i år. Grieg brukte gamle salmar, mellom anna av Brorson, og tonesette dei med norske folketonar i dristige og vakre arrangement. 

Salmane er eit av dei verka kammerkoret likar særs godt å framføre, og det var på repertoaret då dei vitja England på jubileumsturen sin i fjor. Solisten, Olav Hugaas, har vore solist med koret med koret ved fleire høve.
        
       Konserten 1. mai blir altså eit møte med Grieg, som tolka dei norske folketonane i sitt unike tonespråk, og komponisten og utøvaren Dag Arnesen som tolkar Grieg sjølv med element frå vår tid. 

Billettar ved inngangen, eller tinging hos: helge.ogaard@hallgeir.com. Billettpris: kr. 100, barn under 16 år gratis.