Det vert ein heilt spesiell salmekveld i Knarvik kyrkje 25. september. Då kjem forfattaren - og salmediktaren - Edvard Hoem på vitjing, invitert av Alversund mållag, i samarbeid med Alversund kammerkor.
Hoem har skrive meir enn eit førtital salmar, og han er representert i Norsk salmebok (2013) med elleve eigendikta og éin omsett tekst. Det er eit utval av desse salmane som er temaet for kvelden.
- Alversund kammerkor har hatt vellukka temakvelder om salmediktarar før, til dømes Petter Dass, Elias Blix, Eyvind Skeie og Svein Ellingsen. Det er ekstra stas at vi har ein nolevande diktar med oss, seier dirigenten for koret, kantor Odd Leif Mjøs.