torsdag 1. september 2016

Haustprogram med høgdepunkt

For Alversund kammerkor er haustmånadene fram til jul alltid travle, ikkje minst med tanke på konserten med Bachs Juleoratorium i Knarvik kyrkje søndag før jul, med fullt kor, orkester og solistar. Meir om denne framføringa vil kome etter kvart.
      Koret er invitert med på den spesielle salmekvelden med Edvard Hoem sine salmar 25. september, når forfattaren  kjem på besøk i Knarvik, i samarbeid med Alversund mållag. (Sjå meir om arrangementet i blogginnlegget frå juni).
Meland kyrkje jubileumslogo     Koret er og invitert med på festkonserten i høve Meland kyrkje si jubileumsfeiring 23. oktober, og 20. november blir det konsert i Knarvik kyrkje, med både orgel, kor og solistar i eit variert program.
     Den tradisjonelle julekonserten i Alversund kyrkje 4. desember innleier så adventstida for kyrkjelyden og koret, som er fast deltakar der.

Nye songarar alltid velkomne!

Johann Sebastian BachJuleoratoriet av Bach er det største prosjektet for Alversund kammerkor no i haust. Søndagen før jul stiller kor, solistar og orkester i Knarvik kyrkje, og arbeidet med konserten er allereie i gang. 
     - Koret har framført Juleoratoriet ofte før, men det er ekstra fint å vere i flotte Knarvik kyrkje, med god plass og akustikk, både for musikarar og publikum, seier Odd Leif Mjøs, dirigent for koret.

      Til julekonserten med Händels Messias i fjor inviterte koret korsongarar med til eit felles prosjekt med øvingar og konsert, og dirigenten ynskjer og i år kontakt med songarar som vil vere med, og aller helst bli faste medlemer i koret.

      - Det er sunt med fornying, og både unge og vaksne er velkomne, og det er eit godt tidspunkt å begynne no og få med seg Juleoratoriet. Litt notekunne og songstemme er bra, men like viktig er å ha eit ynskje om musikalsk vekst og utvikling, og arbeid i fellesskap med korklang og formidling, seier Mjøs.
      Koret har faste øvingar i Knarvik kvar tirsdagkveld, og Bach-seminar ein fredagskveld kvar månad. Interesserte kan ta direkte kontakt med dirigenten på telefon 945 30 139.