For Alversund kammerkor er haustmånadene fram til jul alltid
travle, ikkje minst med tanke på konserten med Bachs
Juleoratorium i Knarvik kyrkje søndag før jul, med fullt kor,
orkester og solistar. Meir om denne framføringa vil kome etter
kvart.
Koret er invitert med på den spesielle salmekvelden med
Edvard Hoem sine salmar 25. september, når forfattaren kjem på besøk i Knarvik, i samarbeid med Alversund mållag. (Sjå meir om arrangementet i blogginnlegget frå juni).

Koret er og invitert med på festkonserten i høve Meland kyrkje
si jubileumsfeiring 23. oktober, og 20. november blir det
konsert i Knarvik kyrkje, med både orgel, kor og solistar i eit
variert program.
Den tradisjonelle julekonserten i Alversund
kyrkje 4. desember innleier så adventstida for kyrkjelyden og
koret, som er fast deltakar der.