Nye songarar alltid velkomne!
Juleoratoriet av Bach er det største prosjektet for Alversund
kammerkor no i haust. Søndagen før jul stiller kor,
solistar og orkester i Knarvik kyrkje, og arbeidet med konserten
er allereie i gang.
- Koret har framført Juleoratoriet ofte før, men det er ekstra
fint å vere i flotte Knarvik kyrkje, med god plass og
akustikk, både for musikarar og publikum, seier Odd Leif Mjøs,
dirigent for koret.
Til julekonserten med Händels Messias i fjor inviterte koret
korsongarar med til eit felles prosjekt med øvingar og konsert, og
dirigenten ynskjer og i år kontakt med songarar som vil vere
med, og aller helst bli faste medlemer i koret.
- Det er sunt med fornying, og både unge og vaksne er velkomne,
og det er eit godt tidspunkt å begynne no og få med seg
Juleoratoriet. Litt notekunne og songstemme er bra, men like
viktig er å ha eit ynskje om musikalsk vekst og utvikling, og
arbeid i fellesskap med korklang og formidling, seier Mjøs.
Koret har faste øvingar i Knarvik kvar tirsdagkveld, og
Bach-seminar ein fredagskveld kvar månad. Interesserte kan ta
direkte kontakt med dirigenten på telefon 945 30 139.