onsdag 8. mars 2017

Tinging av billettar til Mozarts Requiem

Dei som vil førehandstinga billettar til konserten med Mozarts Requiem (sjå og meldinga lengre nedanfor), kan gjera det til
alversundkammerkor@gmail.com

Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg då klare på ditt namn til henting og betaling ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.

Billettprisen er kr. 300. Barn/unge under 16 år går gratis.



torsdag 2. mars 2017

Kammerkoret markerer påskehøgtida

      Ei veke før palmesøndag, søndag 2. april, har Alversund kammerkor vald å framføre Mozarts dramatiske Requiem i Knarvik kyrkje, som ei innleiing til påskehøgtida. Verket, ei sjelemesse, er eit av dei mest kjende og mest myteomspunne verka til komponisten.

Mozart, frå eit seinare måleri.
      Det er fleire år sidan koret hadde Rekquiem på programmet, og det er fyrste gong i Knarvik kyrkje. Med oss i år har vi eit profesjonelt orkester, med blant anna musikarar frå Bergen Filharmoniske orkester, folk koret kjenner godt frå tidlegare framføringar. Det same gjeld for solistane, Melissa Baug (sopran), Mari Askvik (alt), Harald Bjørkøy (tenor) og Knut Andreas Grove (bass). 
      De to fyrste var med på framføringa av ”Messias” like før jul i fjor, og den velkjende tenoren Harald Bjørkøy  har og sunge med koret før.
      Odd Leif Mjøs, dirigenten til Alversund kammerkor, leiar konserten, der vi i tillegg får høyre eit velkjent verk av Mozart, Ave verum corpus. Dette mindre korverket vart komponert same år som Requiem, i 1791, og det har og direkte tilknyting til påska.