![]() |
Jeanette Ekornåsvåg Goldstein, alt |
Koret er, som vanleg, styrka med nokre ekstra songarar, men i staden for musikarar frå Bergen filharmoniske orkester, satsar ein i år på yngre krefter på strykarsida. Unge lokale blåsarar har koret alltid hatt med seg.
Fiolinisten Maria Eikefet, opphaveleg frå Alversund, har i samarbeid med dirigenten, Odd Leif Mjøs, sett saman eit orkester med i alt 23 musikarar.
![]() |
Melissa Baug |
For koret, som også satsar på å få med seg nokre yngre
korsongarar på delar av oratoriet, vert dette ei spanande oppleving, som dei gler seg til å dele med publikum.
Solistane har dirigenten sjølv plukka ut, og tre av dei har vore med før, lokale Melissa Baug, sopran, Thomas Waaler Røshol, bass og Harald Bjørkøy, tenor. Ny av året er alt-solisten, Jeanette Ekornåsvåg Goldstein, ei lovande ung songar.
Tinging av billettar: alversundkammerkor@gmail.com
Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.