Koret har hatt det kjende og folkekjære verket på programmet før, og denne gongen vert det i ein versjon for kor, solistar og orgel. Det er ein kjenning av koret, William Kay, som skal sitja på orgelkrakken i Knarvik kyrkje søndag 15. april kl. 20.00.
Baryton-solisten skulle vera velkjend for publikum i kyrkja, Thomas W. Røshol, og det same er sopran-solisten, Kjersti Wiik.
Faurés Requiem frå 1888 er eit av dei mest framførte og populære verka for kor og orkester, prega av ro og harmoni, og lågmælte vakre melodiar. Verket har åtte satsar, og skil seg frå andre rekviem med ein meir positiv musikalsk bodskap om evig kvile og fred.
William Kay har ei eiga avdeling med fransk, romantisk orgelmusikk, og fløyteduoen Amalie og Anne Reidun Duesund deltek og på konserten.
Billettar ved inngangen, kr. 200. Barn under 16 år gratis.
Førehandstinging av billettar: alversundkammerkor@gmail.com
Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.