søndag 20. mai 2018

Henning Sommerro til sommarsong i Knarvik kyrkje


Møt Henning Sommerro og Alversund kammerkor på sommarkonsert i Knarvik kyrkje tirsdag 5. juni kl. 20.00.
  
   
På programmet står ei rekkje verk som Sommerro har skrive eller arrangert, kjende salmar og folketonebaserte melodiar til kjende tekstar.

   
Henning Sommerro er kjend for dei fleste som musikar og komponist, mellom anna saman med visegruppa Vårsøg. Han har og skrive musikk til musikalen An-Magritt og eit rekviem – Partisan Requiem. Han har tonesett dikt av Edvard Hoem og Hans Hyldbakk og komponert kammermusikk, kor- og orkestermusikk, fleire operaer (m.a. "Olav Engelbrektsson" og  "Querini") og film- og teatermusikk.
Henning Sommerro

    Blant nyare verk er fiolinkonserten Borders (2017), tinga av Oslo Filharmoniske Orkester, operakabareten Dagny (2017) og tre stykke for Gardemusikken (2018).

    Sommerro har opptredd åleine, med ulike ensemble og som akkompagnatør for fleire kjende utøvarar.
    Alversund kammerkor er arrangør av konserten og ser fram til ein vakker sommarkonsert med ein spanande og allsidig musikar.

     Billettar hos kormedlemer eller ved inngangen, kr. 200. Barn under 16 år gratis.
Du kan og tinga billettar på alversundkammerkor@gmail.com

    Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.