lørdag 11. august 2018

Festkonsert for Magnar Mangersnes i Knarvik kyrkje

      Tidlegare domkantor i Bergen Domkirke og dirigent for Bergen Domkantori og Oratoriekoret fyller i år 80 år. Han vil bli hylla på ein stor konsert i Knarvik kyrkje søndag 16. september kl. 19.00, der musikarar og songarar som har stått han nær og samarbeidd med han, vil ta del.  Mellom anna vil ei rekkje songarar frå det tidlegare Bergen Domkantori ta del i konserten.

      Av programmet kan vi nemna Bach ("Magnificat"), Grieg, Nystedt og eit nyskrive korverk av Kjell Mørk Karlsen, som får urframføring på konserten. Dirigent for koret vert Håkon Matti Skrede. Dagens domkantor Sigurd Øgaard vil og ta del, samt musikarar, solistar og Alversund kammerkor.

Billettar, kr. 250,- kan kjøpast på førehand ved å betale beløpet inn på Vipps (523731). Då ligg billetten klar ved inngangen. Det vil og vere billettsalg ved inngangen og førehandstinging på epost: alversundkammerkor@gmail.com