På programmet står Bachs Juleoratorium, for dei fleste sjølvaste
«Juleoratoriet». Det er eit av dei mest berømte og spelte sakrale verka av
Johann Sebastian Bach.
Alversund kammerkor har fått med seg fire flotte solistar: Linda Øvrebø,
sopran, Mette B. Pedersen, alt, Harald Bjørkøy, tenor og Thomas W. Røshol,
bass.

På julekonserten i fjor satsa koret på eit orkester med unge, dels lokale,
profesjonelle musikarar. Vi satsar også i år på unge musikarar. Leiar for
orkesteret er Maria Eikefet frå Alversund, ein ung, profesjonell fiolinist og
aktiv med mellom anna det anerkjende kammerorkesteret Ensemble Allegria.
Det er blitt ein
tradisjon at Alversund kammerkor framfører eit stort verk i Knarvik kyrkje før
jul. Koret har sett seg som mål at denne typen musikk skal kunne høyrast også
utanom dei store byane og konsertstadene. Billetter ved inngangen, eller tinging via Vipps 523731, send: konsert jul. Under 16 år gratis. Du kan og tinga billettar på alversundkammerkor@gmail.com
Du får ei stadfesting av tinginga innan neste dag. Billettane ligg klare på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten.