onsdag 30. oktober 2019

Tradisjonsrik førjulskonsert i Knarvik kyrkje

   At Alversund kammerkor framfører Händels ”Messias” i Knarvik kyrkje før jul er ein fin tradisjon i Nordhordland. I år vert det ein heilt spesiell konsert saman med koret «20 Stemmer». Dirigent er Odd Leif Mjøs.

Orkesteret er sett saman av profesjonelle unge musikarar, både tilreisande og frå regionen. Fiolinisten Maria Eikefet er med som konsertmeister. Ho er aktiv musikar, mellom anna i det unge kammerorkesteret Allegria.

Melissa Baug
Melissa Baug frå Radøy er sopransolist. Ho studerer no ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, og ho kjem hit for å opptre med koret i Knarvik. Det gjer og Ingebjørg Kosmo, alt, som var solist i Juleoratoriet i 2018. Ho har vore solist ved Den Norske Opera og Ballett i 25 år.               
      Tenoren Tore Kloster er velkjent oratorie-solist i Knarvik kyrkje. Han er ein allsidig songar med solid erfaring som solist på lied- og oratorie-konsertar. Han er og fast dirigent for koret "20 Stemmer", eit blandakor med dyktige amatørsongarar som held til i Bergen og som driv med klassisk kormusikk på høgt nivå. Bassolist er Magne Fremmerlid, ein etterspurt konsert- og oratoriesongar, og han har vore solist ei rekke gonger med norske symfoniorkestre.
Tore Kloster
   Billett kr 350,- Barn under 16 år gratis. Billettsal er ved inngangen. Tinging av billettar kan og gjerast hos kormedlemer, eller på epost: alversundkammerkor@gmail.com 
  Du får ei stadfesting av tinginga. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten. Du kan betale med VIPPS.

torsdag 6. juni 2019

Flott mannskorsong frå Fana til Knarvik kyrkje

   Eit av dei mest kjente og beste mannskora i Norge, Fana mannskor, kjem på vitjing til Knarvik kyrkje tirsdag 18. juni.  Det er planlagt ein fin kveldskonsert, der og Alversund kammerkor deltek.

   Det tradisjonsrike koret, som hadde 75-årsjubileum i 2016, kjem mannssterke til Knarvik med 30 songarar og dirigent Bjørn Bergmann. Repertoaret deira er stort, og på konserten får vi høyre fleire kjente verk, mellom anna ”Jubilate amen!” av Kjerulf samt ei rekkje av Grieg sine songar arrangerte for mannskor.

    Alversund kammerkor har og ei avdeling der dei syng frå sitt repertoar, mellom anna songar av John Rutter. Mannskoret får avslutte konserten med døme frå deira nyare og populære repertoar av musikal-songar.

   Kort sagt: Ein ekte sommarkonsert med mykje god song i sommarkvelden!

mandag 20. mai 2019

Syng med - på sommarkonsert med Alversund kammerkor

Juni er fyrste sommarmånaden, og Alversund kammerkor helsar sommaren med ein gratiskonsert i Knarvik kyrkje 4. Juni kl. 19.30.

   Det vert både allsong, korsong og soloinnslag, og ei eiga avdeling der kammerkoret framfører songar av den engelske kormeistaren John Rutter.

  Konserten har eit klårt lokalt preg, ikkje berre når det gjeld utøvarar. Det vert nemleg allsong med kjente tonar frå den lokale songskatten i Lindås, Meland og Radøy. 

   Dei lokale musikarane Inger Leihaug (klaver), Jaqueline Chesney (fløyte) og Olav Hugaas (klaver) deltek og saman med Alversund kammerkor.

   Det er ikkje naudsynt å tinge billettar, konserten er heilt gratis. Det er berre å ta med seg songstemma og kome, eller berre gle seg til å få høyre god musikk i sommarkvelden.

Velkomen!

mandag 4. mars 2019

Alversund kammerkor - med mange gode vener i Knarvik kyrkje


Orkesteret Fossegrimen, Sankta Sunniva kammerkor, Alversund kammerkor - og fleire solistar...

     Sundag 17. mars kl. 17.00 kan du høyre alle desse i Knarvik kyrkje i ein konsert som byd på både Dvorak, Max Bruch, Grieg og Mendelssohn.

     Alversund kammerkor får denne gongen gjester frå Voss, og konserten blir først framført i Nain, Voss, laurdag 16. mars.

Carmen Bóveda
 Hermosilla
     Orkesteret Fossegrimen, eit regionalt symfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland. Orkesteret rekrutterer interesserte musikarar - amatørar og yrkesutdanna, frå heile regionen. Fiolinisten Dagfinn Rohde fast dirigent. Orkesteret feira i fjor 100-års jubileum, og spelte då for første gong i Knarvik kyrkje.

     Dei har med seg cellisten Carmen Bóveda Hermosilla frå Voss i Max Bruchs vakre verk Kol Nidrei.

Tore Kloster
 Alversund kammerkor samarbeider denne gongen med Sankta Sunniva kammerkor.  Saman syng kora tre satsar frå Salme 42 av Felix Mendelssohn, med Beate Løvås Solem, sopran, og med Orkesteret Fossegrimen. Kora har og ein eigen a capella-del, der Tore Kloster er solist.
Beate Løvas Solem

 Vi ønskjer velkomen til ein allsidig og innhaldsrik konsert!

Billettar: kr. 225,- (inkl. avgift) på www.ticketco.no og ved inngangen.