Det vert både allsong, korsong og soloinnslag, og ei eiga avdeling
der kammerkoret framfører songar av den engelske kormeistaren John Rutter.
Konserten har eit klårt
lokalt preg, ikkje berre når det gjeld utøvarar. Det vert nemleg allsong med
kjente tonar frå den lokale songskatten i Lindås, Meland og Radøy.
Dei lokale
musikarane Inger Leihaug (klaver), Jaqueline Chesney (fløyte) og Olav Hugaas
(klaver) deltek og saman med Alversund kammerkor.
Det er ikkje naudsynt å tinge billettar, konserten er heilt gratis.
Det er berre å ta med seg songstemma og kome, eller berre gle seg til å få høyre
god musikk i sommarkvelden.
Velkomen!