Det tradisjonsrike
koret, som hadde 75-årsjubileum i 2016, kjem mannssterke til Knarvik med 30
songarar og dirigent Bjørn Bergmann. Repertoaret deira er stort, og på
konserten får vi høyre fleire kjente verk, mellom anna ”Jubilate amen!” av
Kjerulf samt ei rekkje av Grieg sine songar arrangerte for mannskor.
Alversund kammerkor har og ei avdeling der
dei syng frå sitt repertoar, mellom anna songar av John Rutter. Mannskoret får avslutte konserten med døme frå deira nyare og populære repertoar av
musikal-songar.
Kort sagt: Ein ekte
sommarkonsert med mykje god song i sommarkvelden!