Orkesteret er sett saman av profesjonelle unge musikarar, både tilreisande og frå regionen. Fiolinisten Maria Eikefet er med som konsertmeister. Ho er aktiv musikar, mellom anna i det unge kammerorkesteret Allegria.
![]() |
Melissa Baug |
Tenoren Tore Kloster er velkjent oratorie-solist i Knarvik kyrkje. Han er ein allsidig songar med solid erfaring som solist på lied- og oratorie-konsertar. Han er og fast dirigent for koret "20 Stemmer", eit blandakor med dyktige amatørsongarar som held til i Bergen og som driv med klassisk kormusikk på høgt nivå. Bassolist er Magne Fremmerlid, ein etterspurt konsert- og oratoriesongar, og han har vore solist ei rekke gonger med norske symfoniorkestre.
![]() |
Tore Kloster |
Du får ei stadfesting av tinginga. Billettane ligg klar på ditt namn ved inngangen til Knarvik-kyrkja ei stund før konserten. Du kan betale med VIPPS.