onsdag 21. oktober 2020

For trøyst og håp....

Arrangementet "Syng med - for trøyst og håp" vart ei varm og fin oppleving både for tilhøyrarar og deltakarar.

Det var gledeleg mange som fann vegen til Knarvik kyrkje på ein tysdagskveld. Og etter meldingane om forventningar før, og takksemd etterpå for å samlast til sang og felleskap, trur vi dette var noko mange har sakna denne siste tida.




Alversund kammerkor har mange flotte ressursar innad. Både Jacqueline Chesney(dirigering, fløtespel), Elizabeth Astruc (flygel) og Torunn Nåmdal (diktlesing) gjorde ein framifrå innsats. Og med våre vener pianist Inger Leithaug(som eigentleg også høyrer oss til), organist/pianist/solist Olav Kjetil Hugaas og fløytist Anne Reidun H. Duesund vart dette ei rik oppleving i ord og tonar.

Takk til alle koristar og musikarar, og ikkje minst ti
l alle som kom og sang saman med oss. 
Det gjorde oss alle godt.

mandag 12. oktober 2020

SYNG MED - for trøyst og håp.


Alversund kammerkor med vener innbyr til ei songstund i Knarvik kyrkje
tysdag 20.oktober 2020  kl. 19.30.
Her vert det korsong, allsong og musikalske innslag frå venene våre.

Det er gratis inngang.

Vi ser fram til å kunne synge saman i koret og saman med deg som kjem - det er lenge sidan no.

Du er hjarteleg velkomen.

Smittevernreglane vert fulgt - registrering ved inngangen.