Arrangementet "Syng med - for trøyst og håp" vart ei varm og fin oppleving både for tilhøyrarar og deltakarar.
Det var gledeleg mange som fann vegen til Knarvik kyrkje på ein tysdagskveld. Og etter meldingane om forventningar før, og takksemd etterpå for å samlast til sang og felleskap, trur vi dette var noko mange har sakna denne siste tida.Alversund kammerkor har mange flotte ressursar innad. Både Jacqueline Chesney(dirigering, fløtespel), Elizabeth Astrue (flygel) og Torunn Nåmdal (diktlesing) gjorde ein framifrå innsats. Og med våre vener pianist Inger Leithaug(som eigentleg også høyrer oss til), organist/pianist/solist Olav Kjetil Hugaas og fløytist Anne Reidun H. Duesund vart dette ei rik oppleving i ord og tonar.
Det gjorde oss alle godt.