tirsdag 17. november 2020

Alversund kammerkor - mot jul 2020

Desember har vore ein fin, travel og innhaldsrik månad for Alversund kammerkor i omlag alle dei 30 åra koret har eksistert. Det har vore framføringar av store verk for kor, orkester og solistar, og det har vore tradisjonsrike julekonsertar.


Dette året vert det ikkje slik. Pandemien har bremsa både det vi kunne våge å planlegge, og det har endra det vesle vi hadde planlagt - slik det dessverre er for dei fleste aktivitetar og arrangement for tida. Vi ynskjer ikkje å risikere smitte for oss sjølve, og sjølvsagt ikkje for tilhøyrarane.
Difor vert det ingen konsert eller anna arrangement før jul i det som er jubileumsåret vårt. Vi er leie oss for det, men ser fram til at situasjonen skal snu, og at vi igjen kan få nye store og små musikalske opplevingar saman. God adventstid og julehøgtid til alle, og lytt gjerne til denne:
For unto us a child is born.