onsdag 15. september 2021

Vi er igang igjen

Det er ei stor glede å melde at vi er igang igjen. Det er så kjekt å synge saman, og sjølv om vi må halde smittevernreglane og ikkje kan vere like sosiale som før, så er det sangen som er viktig, og det får vi gjere no.

Vi øver på Mozarts Requiem. Dette er eit kjent verk for dei fleste kormedlemmene, men det betyr ikkje at vi kan hoppe over øvinga. Etter det lange opphaldet har vi mykje å ta igjen sangteknisk m.m.

Vi har fått på plass dei fleste musikarane og solistane, og vi kan love høg kvalitet på dei.

Set av søndag 14.november kl. 19.00 allereie no. Då er du velkomen i Knarvik kyrkje til å høyre dette flotte verket av Mozart. Vi håper vi kan ta imot mange tilhøyrarar.

Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.