onsdag 1. juni 2022

Endeleg jubileumsfeiring

 

I 2020 skulle Alversund kammerkor feire 30-års jubileum.

Dette måtte utsetjast...og utsetjast igjen grunna pandemien som herja i verda.

No kan vi feire 30+2 år, og det gjer vi m.a. ved å reise på tur til Trondheim i pinsa 2022. Her skal vi stort sett dele fine dagar saman, men vi skal sjølvsagt synge også. Laurdag 4.juni kl. 14.00 skal vi ha konsert i Vår Frue kirke i Trondheim. Det ser vi fram til. Vi skal også få prøve akustikken i Nidarosdomen. Etter gudstenesta 1.pinsedag skal vi ha omvisning i kyrkja, og i samband med det får vi synge to songar. Det ser vi også fram til.

Og så gler vi oss til å feire oss sjølve laurdag kveld med god mat og nokre tilbakeblikk.

Gratulerer til oss.