lørdag 29. oktober 2022

MESSIAS - i Knarvik kyrkje søndag 20.november 2022

Det er 30 år sidan Alversund kammerkor framførte storverket Messias av Georg Friedrich Händel for første gong. Den gongen var vi i Myking kyrkje, og framføringa skapte begeistring både for koristar, musikarar, solistar og publikum.

Sidan den gongen har koret framført Messias fleire gonger, og i tillegg har koret framført mange av dei andre storverka av m.a. Bach og Mozart.

Denne gongen skal konserten vere i Knarvik kyrkje, den flotte kyrkja koret har brukt til å framføre desse store korverka sidan innviinga i 2014.

Koret tel omlag 40 songarar, og med oss på laget har vi musikarar frå Bergen Filharmoniske orkester, Kringkastingsorkesteret (med lokale røter), og Eikanger/Bjørsvik musikklag. I tillegg er nokre andre musikarar med, m.a. William Kay på orgel.
Dirigent er koret sin faste dirigent, kantor Odd Leif Mjøs

Vi har hatt flotte solistar kvar gong vi har framført eit av storverka.
Denne gongen er ikkje noko unntak.
Den lokale sopranen Melissa Baug / Melissa Baug har vore med oss før, og vi gler oss til å høyre henne igjen.
Alten/mezzosopran Danilela Iancu Johannessen er ny for koret, og det samme gjeld tenoren Ole Morten Velde  og bass/baryton Leif Jone Ølberg.
Vi gler oss til å synge saman med alle desse, og er overbeviste om at det vert ei oppleving av dei sjeldne. 

Konserten startar kl. 18.00, og det kan vere lurt å vere ute i god tid.
Billettpris er:
kr 350,-.
kr. 250,- 11-18 år,
under under 11 år - gratis.
Billettar får ein i døra og ein kan kjøpe av medlemmene i koret på førehand. Ein kan betale med kontantar eller med VIPPS.

Vel møtt til ei fin stund i Knarvik kyrkje like før advent og jul.