Historie

     Alversund Kammerkor vart stifta i 1990, og har markert seg i regionen som eit leiande kyrkjemusikalsk kor. Koret er knytt til Alversund kyrkje (frå hausten 2014 til Knarvik kyrkje), og har frå starten av vore leia av kantor Odd Leif Mjøs (dirigent). Koret har i dag kring 30 aktive medlemer, med eit styre vald av medlemene.
     I tillegg til å ta del i ulike aktivitetar i kyrkjelyden, har koret gjennomført ei lang rekkje konsertar, som regel saman med profesjonelle musikarar og solistar, særleg musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester. Koret samarbeider gjerne med unge musikarar, som dei seinaste åra har vore med på framføringar med koret.

     Av større framførte verk kan nemnast  
Bach:  Juleoratorium, Messe i G-dur, Magnificat, Johannespasjonen
Händel: Messias
Vivaldi: Gloria
Fauré: Rekviem
Duruflé: Rekviem
Mozart: Requiem
Verker av:  Grieg, Vierne, Palestrina, Nystedt, Hovland, Gjeilo, Jenkins og Rutter
      - Koret gav i 1999 ut CDen ”Stemmer i stemning”.
      - Koret fekk i 2001 pris frå Statoil Mongstad.
      - I 2010 deltok koret på ein internasjonal kor-konkurranse i Italia, der dei vann sølvpris.
     -  2013 deltok koret på ein internasjonal kor-konkurranse på Malta, der dei òg vann sølvpris.

Knarvik kyrkje. Foto: Knarvik kyrkje


   
Alversund kyrkje.  Foto: B. Ystebø